A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Årdal fekk trafikktryggingsprisen 2017

trafikksikkerkommune

Årdal kommune vart godkjend som Trafikksikker kommune 14. juni 2017. I fylkestinget i går fekk kommunen tildelt "Trafikktryggingsprisen 2017".

Godkjenninga som trafikksikker kommune inneberer at alle kommunale sektorar fyller Trygg Trafikk sine kriterium for å bli ein Trafikksikker kommune.

Årdal Tenk Tryggleik har gjennom mange år jobba målbevist med trafikksikkerheit og kommunen er på mange måtar eit førebilete for andre kommunar i fylket i arbeidet med trafikktrygging. 

Gjennom tildeling av Trafikktryggingsprisen 2017 vil fylkestrafikktryggingsutvalet heidra det gode arbeidet som Årdal kommune har gjort innan trafikktrygging gjennom mange år. Noralv Distad, leiar i trafikktryggingsutvalet i fylket, håpar at godkjenninga av Årdal kommune som Trafikksikker kommune og tildelinga av årets trafikktryggingspris kan vera til inspirasjon for andre kommunar i arbeidet med trafikktrygging.

Godkjenninga er eit kvalitetsstempel for godt, målbevist og samordna arbeid med trafikktryggleik.

Tips ein ven Skriv ut