A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Detaljreguleringsplan for Storevegen 67, Øvre Årdal

I samsvar med §12-12 i plan- og bygningslova godkjende Årdal kommunestyre i møte 28. september 2017 i sak 055/17. Detaljreguleringsplan for Storevegen 67, Øvre Årdal.

Planen femnar om eigedommen gnr 18, bnr 5, 17 og 23 samt tilgrensande kommunal veg/fortau.

Formålet med planarbeidet er å legge til rette for etablering av samankjeda bueiningar. Arealet sett av til bygg og anlegg utgjer 2,2 daa med ein grad av utnytting på inntil %-BYA = 50, der det kan førast opp bygg på inntil 3 etasjar.

Planvedtaka kan påklagast i samsvar med §§ 12-12 og 1-9 i plan- og bygningslova jf. kap. VI i forvaltningslova. Eventuell klage må vere sett fram skriftleg til Årdal kommune innan 3 veker. Klaga må vere grunngjeven, og det må gå klart fram kva endringar ein ynskjer. Kommunen kan gje nærmare rettleiing om framgangsmåte ved klage på planvedtak. Vidare har partar rett til å sjå dokumenta i saka jf. §§ 18 og 19 i forvaltningslova.

Krav om erstatning eller innløysing må vere sett fram skriftleg til Årdal kommune innan 3 år etter kunngjeringsdato jf. kap. 15 i plan- og bygningslova.

K-sak 055/17
Detaljreguleringsplan
Planomtale og føresegner

 

Tips ein ven Skriv ut