Hovudinngangen til Årdal kyrkje er stengt inntil vidare

Kyrkja på Årdalstangen

Det store treet ved hovudporten er skada.
Framsyninga "Årdal kyrkje gjennom 150 år" blir flytta.

Stengd port ved kyrkja på Årdalstangen
På grunn av uveret som var i natt har det kome ein del skade på det store treet ved hovudporten ved Årdal kyrkje.
For å unngå farlege situasjonar har vi valgt å stenge denne porten inntil vidare. Vi ber om at besøkande til kyrkjegarden nyttar seg av ein av dei andre portane.

«Årdal kyrkje gjennom 150 år» av Årdal sogelag
Den annonserte framsyninga om Årdal kyrkje sin historie onsdag 4. oktober kl 18 er flytta til Kyrkjelydshuset.
Arrangementet er gratis og ope for alle.

Tips ein ven Skriv ut