A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Endring - Reguleringsplan for Torgkvartalet, Øvre Årdal

Planendringane er å legge til rette for eit bilfritt sentrum innanfor sone GT1.
Frist for å sende inn merknader er 25. august 2017.

I samsvar med § 1-9 i plan- og bygningslova og § 16 i forvaltningslova vert det førehandsvarsla at Årdal kommunen vurderer mindre endring av Områdereguleringsplan for Torgkvartalet, Øvre Årdal (Planid.: 1424-2011002). Planen vart vedteken av Årdal kommunestyre den 8. september 2011 i sak 065/11. 

Formålet med planendringane er å legge til rette for eit bilfritt sentrum innanfor sone GT1.

Området (GT1) er i vedteken plan regulert til gatetun. Endringa er avgrensa til ei endring av punkt 4.5 i planføresegnene i vedteken plan (sjå vedlegg).

Punkt 4.5 i vedteken plan frå 2011, har slik ordlyd:

Gatetun (GT1 og GT2) er område for alle trafikantgrupper. Areala skal utformast på ein slik måte at ferdsel og bruk føregår på fotgjengarane sine premissar. Området skal opparbeidast med høg kvalitet og det skal leggjast vekt på god formgjeving og tilgjenge for alle grupper.

Framlegg til endra punkt 4.5 i planføresegnene:

Gatetun (GT1) er område for mjuke trafikantar (bilfri sone). Området skal opparbeidast med høg kvalitet og det skal leggjast vekt på god formgjeving og tilgjenge for alle grupper. 
 
Gatetun (GT2) er område for alle trafikantgrupper. Areala skal utformast på ein slik måte at ferdsel og bruk føregår på fotgjengarane sine premissar. Området skal opparbeidast med høg kvalitet og det skal leggjast vekt på god formgjeving og tilgjenge for alle grupper.

Endringa er vurdert til ligge innanfor rammene av føresegnene i vedteken plan, og er difor vurdert til å kunne handsamast som ei mindre endring i samsvar med § 12-4 i plan- og bygningslova. 

Vedteken plan med framlegg til endring/justeringar i punkt 4.5 i planføresegnene, er lagt ut til offentleg ettersyn på Rådhuset og heimesida til kommunen. 

For nærmare informasjon om endringane kan spørsmål rettast til:
Johannes-Henrik Myrmel
mob. 454 04 993
e-post: johannes.henrik.myrmel@ardal.kommune.no

Dersom du har opplysningar, synspunkt eller merknader til dei føreslegne endringane, ber vi om at du tilskriv:
Årdal kommune
Statsråd Evensensveg 4
6885 Årdalstangen
e-post: postmottak@ardal.kommune.no

Frist for å sende inn merknader er 25. august 2017.

Vedlegg:

Tips ein ven Skriv ut