Ungdata-undersøkinga i Årdal 2017

På oppdrag frå Årdal kommune gjennomfører forskingsinstituttet NOVA ved Høgskulen i Oslo og Akershus og Kompetansesenter rus – region vest Bergen (KoRus Vest Bergen) ei spørjeundersøking blant ungdommane i kommunen.

Føremålet med undersøkinga er å kartleggje ulike sider ved livsstilen og levekåra til ungdom i kommunene. Resultatet frå undersøkinga vil kunne danne grunnlag for ungdomspolitikken og det førebyggjande arbeidet retta mot ungdom i Årdal kommune. Data frå undersøkinga vil og kunne verte brukte i forsknings- og utviklingsprosjekt der målet er å få ny kunnskap om oppvekstvilkåra til ungdom. 

Undersøkinga går føre seg i skulane i veke 11-13:  mandag 13. mars - fredag 31. mars, og det tek om lag éin time å svare på alle spørsmåla. Ungdomane vel sjølve om dei vil vere med på undersøkinga. Vi håpar så mange som mogleg vil vere med.
Tilsvarande undersøking vert gjennomførte ei rekke stadar i landet. www.ungdata.no.

Meir innformasjon finn de her om undersøkinga.

 Bilderesultat for bergensklinikkeneRelatert bildeRelatert bilde

 

Tips ein ven Skriv ut