A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Deltaking i veterinærvakta - vaktdistrikt Årdal-Lærdal-Aurland

lærdal

Kombinert praksis i Lærdal med tredelt vakt. Søknadsfrist: 1.2.2017

Veterinærvakta i Lærdal treng fast veterinær frå midten av februar 2017. Stillinga har deltaking i 3-delt vaktordning, produksjonsdyrpraksis (hovudsakleg storfe, sau og geit), litt hest, inseminering og allsidig smådyrpraksis. I tillegg til vaktgodtgjersle, mottek veterinærvakta kommunal støtte til drift på dagtid.

Lærdal ligg vakkert til innerst i Sognefjorden. For friluftsinteresserte er det eit ypparleg utgangspunkt for fantastiske naturopplevingar, både sommar som vinter. Her kan nemnast jakt, fiske, skisport, fjellvandring, fjellklatring og padling. Kommunen har og eit rikt kulturtilbod, med aktive lag og organisasjonar.
Veterinærdistriktet gjeld og for nabokommunane Årdal og Aurland. 

Kommunen kan hjelpe til med å skaffa bustad. 
For spørsmål ta kontakt med Veterinær Ingrid Hval 90108469, Veterinær Bjørg K. Haugo 95811239 eller landbrukssjef Magnhild Aspevik 57641200

Søknad skal sendast til Lærdal kommune, boks 83, 6886 Lærdal eller på e-post til post@laerdal.kommune.no. Søknadsfrist: 1.2.2017

Tips ein ven Skriv ut