A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Årets årdøl og kulturprisen 2016

Forslag til årets årdøl og kulturprisen 2016 kan de sende til Årdal kommune innan 11. november 2016.

 

Kulturpris

Årdal kommune kan kvart år dele ut ein kulturpris. Prisen vert gjeve til einskildpersonar eller organisasjonar som har tilknyting til kulturlivet i kommunen. Det kan vere på område som lagsarbeid, utøvande kunstnarleg verksemd, bygningsvern/kulturminnevern eller anna nærmiljøarbeid.

Vedvarande arbeid over fleire år, eller ein heilt spesiell innsats, kvalifiserer i særleg grad til prisen.

Føremålet med prisen er å stimulera kulturlivet i kommunen ved å gje honnør for spesielt god innsats på området. Same personen kan berre unntaksvis motta prisen meir enn ein gong.


Årets årdøl

Prisen vert gjeve til personar eller grupper som har gjort ein særleg innsats for andre menneske, eller ein særleg innsats til beste for bygda gjeldande år.

Personar eller grupper som har sett Årdal på kartet på ein positiv måte / profilert Årdal godt utad, kan også motta prisen.


Alle vert oppmoda om å sende inn grunngjevne framlegg til aktuelle kandidatar. Kommunen kan også sjølv foreslå kandidatar.
Ein av desse, eller begge, prisane kan delast ut kvart år. Tildelinga av prisane vert avgjort i Formannskapet, og delt ut under kommunestyremøte i desember.

Kvar av prisane er på kr. 5000,-.

Forslag skal sendast til;
Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen, eller på e-post postmottak@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut