A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Opning av Sansehage på Årdal Sjukeheim

Eldre og demente kan no boltre seg på eit stort område fullt av ulike sansepunkt.

Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, klipte endeleg snora og erklærte den etterlengta sansehagen for open. For berre nokre månader sidan var området ein parkeringsplass.

No er det moglegheit for at dei demente, som har fått dagsenter fire dagar i veka, å gå rett ut i hagen. Det gir òg bebuarane på sjukeheimen høve til å koma seg ut på ein lettare og tryggare måte.

Eit godt samarbeid på tvers av områda i kommunen og med mykje god hjelp økonomisk frå ulike verksemder og organisasjonar, har ein klart å lage til eit området som vil bli eit viktig tilbod for mange.




Sansehage2.jpg Sansehage1a.jpg Sansehage3a.jpg
Sansehage4a.jpg Sansehage5a.jpg Sansehage6a.jpg

Rundt omkring finn ein sansepunkt som er planlagt ut frå det demente og eldre treng. Dette er ein plass der du kan få gå uforstyrra utan å gå deg vekk. Området er lukka, men veldig opent. Sansestasjonane er laga til for lyd, lukt og hørsel.

Det er alt frå rosevegg, ei reiskapsbod, kassar med dyrka jord og gapahuk som ein kan sitje under. Målet er at hagen skal gi gode opplevingar for å bryta rutinane til dei som bur på sjukeheimen. 

No kan dei oppleve fridom sjølv om dei kjem på ein institusjon. Her kan dei gå ut utan at me treng å vera redde for at dei ikkje finn vegen tilbake.

Tips ein ven Skriv ut