Friluftsbassenga i Årdal

Prosedyrar for klargjering av friluftsbassenga er gjennomført, og bassenga er klare for opning fredag 17. juni.

I dag føremiddag fall dei siste brikkene på plass når det gjeld opning av friluftsbassenga i Årdal for sommaren 2016. Årdal Kommune mottok svar frå Sognelab på innsende vassprøvar. Dei viste at vi har oppnådd dei kvalitetskrava som forskrifta set til bassengvatnet, og at vi no kan opne bassenga for publikum.

Vi kom i år i mål i følgje planen, og opning vert såleis i Øvre Årdal fredag 17. juni kl 11.30 og på Årdalstangen fredag 17. juni kl 12.00.

Opningstidene denne sommaren vert alle dagar:
Øvre Årdal kl 1130 – 1900
Årdalstangen 1200 – 1800

Friluftsbad Øvre Årdal1.jpg Friluftsbad Øvre Årdal2.jpg

Alle som arbeider med bassenga ser fram til ein strålande sesong med masse folk i bassenga.

Barnebillett (under 6 år gratis) 35,-
Barn klyppekort 20 klypp (under 6 år gratis) 570,-
Vaksenbillett 75,-
Vaksen klyppekort 20 klypp 1.030,-

Friluftsbada
(klyppekort gjeld og for Årdalshallen)
 

Tips ein ven Skriv ut