A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Årdal ute av Robek

Da er det stadfesta at kommunen sitt rekneskap for 2015 er godkjent og me er ute av Robek registreringa.


Fylkesmannen i Sogn og Fjordane melder i brev av 8. juni fylgjande; 

Årdal kommune - utmelding av Robek
Vi syner til innsendt rekneskap for 2015 og kommunestyrets handsaming og vedtak i sak 029/16 - Årsrekneskapen 2015 for Årdal kommune.
Vedtaket syner at kommunen har dekt inn heile det attståande akkumulerte underskotet.

Vi har derfor sendt melding til Kommunal og moderniseringsdepartementet om at Årdal kommune skal meldast ut av Robek – Register for betinga godkjenning og kontroll.

Fylkesmannen vil nytte høvet til å gratulere kommunen med det gode resultatet for 2015 og utmelding frå Robek.

Tips ein ven Skriv ut