Årdal som TISA-fri sone

26. mai 2016, drøfta kommunestyret i Årdal kommune tilhøve rundt TISA-forhandlingane.  TISA-forhandlingane går føre seg bak stengde dører og ålmenta har svært avgrensa tilgang til informasjon frå desse tingingane.


Årdal kommunestyre krev at ein eventuell TISA-avtale ikkje skal påleggja privatisering, deregulering eller konkurranseutsetjing av nokon offentlege tenester på nasjonalt eller lokalt nivå.

Årdal kommune krev at ein TISA-avtale må grundig utgreiast og at det må vera ein brei demokratisk prosess før ein så stor avtale eventuelt kan signerast.  Kommunestyre og fylkesting må kunne reservera seg mot verknadene av ein eventuell avtale, slik at ein har naudsynt demokratisk handlerom. 

Årdal kommune krev ei folkerøysting før ein avtale kan gjennomførast.

Til dette er sikra, erklærer kommunestyret Årdal som TISA-fri sone.

Arild Ingar Lægreid
-ordførar-

Tips ein ven Skriv ut