A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Velkomen til Entrepenørskapsmesse i Årdal

Torsdag 12. mai inviterer Sogn regionråd og Ungt Entrepenørskap, for åttande gong, til messe for ungdomsskulane i Sogn.
 

Denne gongen er det Årdal kommune som er vertskommune for 600 ungdommar frå heile Sogn.

 

  • 1

Entreprenørskap handlar om initiativ, skaparlyst og kreativitet. Dette handlar om kreative og varierte undervisningsformer i skulen. Det handlar om å drive elevaktiv skule, også utanfor skuleporten.  

På messa i Årdal kjem alle 8. klassingane på ungdomsskulane i Sogn. Dei skal både sjå på, lære av og vurdere dei beste elevbedriftene frå 9. klassane. I tillegg skal 8. klassingane på ulike bedriftsbesøk i Årdal. Mest spanande blir det å høyre på elevbedritta Safesound frå Årdal vidaregåande skule. Dei har tatt det lange løpet frå elevbedrift til aksjeselskap! 

Det skal "konkurrerast" i seks premiekategoriar.

Brosjyre for messa

Velkomen til Årdal 12. mai!

Tips ein ven Skriv ut