A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Høyring - utbygging av breiband i Årdal

Årdal kommune vil søkje om tilskot til utbygging av breiband i kommunen. Eit av krava i søknaden er at planen for utbygging skal vere til høyring i ein månad. Verksemder og innbyggjarar som ynskjer å uttala seg til høyringa må gjere dette innan 07. april 2016.


Kommunen arbeider for at innbyggarane skal ha eit godt og stabilt tilbod om digital kommunikasjon både gjennom fast- og mobilnett. Det er bygd ut fiberbasert aksessnett i deler av kommunen, men mange har framleis eit aksessnett basert på ADSL og radiolinje med låg kapasitet og kvalitet, og nokon stadar er det ikkje tilstrekkeleg for å få dekning i det heile.

Dagens samfunn baserer store deler av tenestetilbodet på at innbyggjarane har tilgang til internett. Sogn og Fjordane er det fylket i landet med dårlegast dekning av høghastigheits breiband. Utbyggingsbehovet i kommunane er stort.

For å betre situasjonen i kommunen vil Årdal kommune søkje om finansiering til å bygge ut høghastigheit breiband til innbyggarar, næringsliv og offentlige institusjonar i område som i dag manglar eit tilfredstillande tilbod.

Vi ser på følgjande områder i denne søknadsrunden
Seimsdalen (øvste del fra Asperheim og oppover til snuplassen), Fardalen (fra Øvstetun), Ofredalen.

I samband med søknaden vil vi invitere verksemder og innbyggjarar til å komme med innspel i forhold til utbyggingsplan kommunen. 

Frist for høyringa er 07. april 2016. Innspel kan sendast på e-post til postmottak@ardal.kommune.no og merkast "høyringsuttale breibandutbygging”.

 

Tips ein ven Skriv ut