Vassbrot fører til stenging av Årdalshallen

Det er meldt inn eit brot på hovudvassleidninga nede ved Farnes Skule

Konsekvensane av dette er at leidninga må gravast opp for å tette lekkasjen.
Noko av følgjene med dette er at vatnet til Årdalshallen må stengast i morgon onsdag 24 februar medan arbeidet vert utført. Det betyr at all sirkulasjon i bassenget vert stoppa, og at vi ikkje har vatn til dusjar eller andre stader i hallen. Vi kan difor ikkje halde hallen open av hygieniske og praktiske årsaker, og kan ikkje ta mot brukarar av hallen så lenge vatnet er avstengt.
Det er usikkert kor lang tid reparasjonane vil ta, og vi vil få ei tilbakemelding om status i morgon kl 1400 frå dei som utfører arbeidet. Det vil då verte vurdert om hallen vil bli opna på kveldstid eller ikkje. Ny informasjon vil verte sendt ut så snart den føreligg.

Tips ein ven Skriv ut