A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ønskjer du å bli representant eller verje for einslege mindreårige i Sogn og Fjordane?

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane søkjer representantar til einslege mindreårige asylsøkjarar og verjer til einslege mindreårige flyktningar. Representanten og verja skal ta hand om den mindreårige sine juridiske rettar og elles utføre dei oppgåver som tilkjem foreldreansvaret.


Det kjem dagleg eit stort tal einslege mindreårige asylsøkjarar til Noreg. Fleire av desse barna får plass på asylmottak eller i omsorgssenter i Sogn og Fjordane. Vi har derfor eit stort behov for å rekruttere representantar og verjer. No søkjer vi fleire som kan ta på seg oppdrag som representant eller verje i Aurland, Lærdal og Årdal kommune.

Dei mindreårige kjem frå land som Eritrea, Somalia, Syria og Afghanistan, og er mellom 15 og 18 år. Desse personane har rett på å få oppnemnd ein representant. Som utgangspunkt er representanten sine oppgåver å vere ein erstattar for foreldra når det gjeld den juridiske sida av foreldreansvaret. Representanten skal ikkje ta hand om den daglege omsorga for den mindreårige, men skal ta hand om den mindreårige sine interesser i asylsaka, ta hand om deira rettigheitar og behov og elles utføre dei oppgåver som tilkjem ei verje.

Som verje eller representant vil du vere ein:

•    Rettsleg representant
•    Formidlar og brubyggjar
•    Talsperson og forhandlar

Vervet krev at du er eit medmenneske, samstundes som du skal sikre at rettane til barna blir ivaretekne. Ei slik rolle er givande og krev samstundes mykje av den enkelte. Det er ein fordel at dei som er representant og verje har god kunnskap om det norske samfunnet og det norske språket, og du må kunne orientere deg i det offentlege systemet. Som representant og verje får du godtgjering etter faste satsar.
Det er Fylkesmannen som vurderer om du tilfredsstiller krava til å bli representant og verje, og som tilbyr nødvendig opplæring, rettleiing og hjelp i sitt distrikt. Alle som skal vere representant eller verje må levere politiattest og det vil bli gjennomført ei kredittvurdering.

Som representant og verje må du gjennomføre opplæring i regi av Fylkesmannen. Nye opplæringssamlingar vil bli annonsert fortløpande.

Høyres dette spanande ut og du kunne tenkje deg å vere representant/verje, ønskjer vi å høyre frå deg.

Dersom du ønskjer meir informasjon kan du ta kontakt med Fylkesmannen ved å ringe vårt sentralbord på telefon 57643000, eller sende ein e-post til fmsfpost@fylkesmannen.no. Vår postadresse er: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Søknadsskjema

 

Tips ein ven Skriv ut