A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Nye parti med listeframlegg til kommunevalet 2015 i Årdal

Seks politiske parti har levert inn listeframlegg til kommunevalet innan fristen som gjekk ut i dag kl 12.00. I tillegg til dei fire partia som stilte liste ved førre kommuneval, er det kome inn to nye parti; Miljøpartiet De Grønne og Venstre har begge levert listeframlegg til kommunevalet.


Innkomne lister til offentleg ettersyn:

Innlevert listeframlegg frå Fremskrittspartiet - motteke 27. februar 2015

Innlevert listeframlegg frå Arbeiderpartiet - motteke 26. mars 2015

Innlevert listeframlegg frå Senterpartiet - motteke 27. mars 2015

Innlevert listeframlegg frå Venstre - motteke 27. mars 2015  

Innlevert listeframlegg frå Høgre - motteke 30. mars 2015

Innlevert listeframlegg frå Miljøpartiet De Grønne - motteke 31. mars 2015

Valfør:
Kven som som fyller vilkåra for å kunne veljast til kommunestyrevalet står i valglovens § 3-3.

Tal kandidatar:
Listeframlegg ved kommunestyreval skal ha med minimum 7 kandidatar og maksimum 53 kandidatar. Av desse kan inntil 6 kandidatar få røystetillegg og skal settast først på lista og med store bokstavar.

Regelverket om krav til, og handsaming av listeframlegg.

Endring i vallova:
Det er endring i vallova sidan førre kommuneval om rett til å krevje seg friteken frå val. Vallova § 3-4 (1);
"Rett til å kreve seg fritatt fra valg til fylkesting og kommunestyre har den som avgir skriftlig erklæring om at vedkommende ikke ønsker å stille til valg på den aktuelle valglisten."

Liste etter forenkla regelverk
Nokon parti kan stille valliste ved kommunestyrevalet 2015 etter forenkla reglar for krav til underskrifter til listeframlegget.