Årets årdøl og kulturprisvinnarar 2014

Gina Nundal vart Årets Årdøl og Bert Brons fekk Kulturprisen for 2014.

Formannskapet vedtok innstillinga i møte 2. desember og i dag fekk prisvinnarane fortent merksemd frå kommunestyret.


  • 1

Grunngjeving "Årets årdøl":

Kven kjenner ikkje Gina Nundal? Den vesle, energiske dama som alltid er å sjå i fullt firsprang tidleg som seint på veg anten til eller frå kyrkja eller kyrkjelydshuset.

Gina har vore tilsett i kyrkja i snart 20 år. Ho har vore trufast i tenesta som kyrkjetjenar, vaktmeister og reinhaldar. Sjølv om ho no er 81 år og har vore pensjonist dei siste par åra, er ho framleis like aktiv.

Gina er den i Årdal som kjenner alle krikar og krokar i kyrkjene våre og ikkje minst kyrkjelydhuset. Ho har alltid kontrollen på gravferder , minnesamvær, dåpar, konfirmasjonar og andre aktivitetar i kyrkja. Ho seier aldri nei og vil alltid stå til teneste!

Ho er ei god støtte til pårørande og familiar i sorg, men kosar seg òg når ho steller i stand mat til babysong og Solsikka. Gina har stor omsorg og omtanke for kyrkja og dei som brukar den. Ho stiller alltid opp om ein spør om hjelp. Ei eldsjel vi vanskeleg klarer oss utan.

Mange med oss stiller seg spørsmålet " kva skulle vi gjort utan Gina?" Ho er den som har heile og fulle kontrollen over kvar ting er, kva som til einkvar tid skal skje og korleis ein skal gjere ting. Ho har eit engasjement som vi skal leite lenge etter.

Me tykkjer det er på høg tid at Gina får ei utmerking for den jobben ho gjer, og håpar ho kan få tittelen Årets Årdøl i 2014. Ho er ei av dei størte eldsjelene Årdal har.

Grunngjeving Kulturprisen:

Lubertus Brons eller mest kjent som Bert Brons er ein fantastisk humørspredar og inspirator for koret og bygdi vår.

Han er primus motor for Årdal Gospelkor, Farnes Mannskor, Kurlturskulen, Kyrkja, Babysong, Eldretreff, Kulturveka - ja «you name it». Det er vel ikkje den ting som har med sang og musikk i bygdi vår å gjere der han ikkje er involvert og engasjert!!!

Er de nokon som er «brubyggjar» mellom bygdene våre so er det Bert!

 

Tips ein ven Skriv ut