A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ny prosjektleiar for prosjekt sau og utmark i ÅLA

Håvard Øyrehagen er tilsett som prosjektleiar i prosjekt sau og utmark i ÅLA.


  • 1
  • 2
  • 3

Håvard Øyrehagen har teke imot stillinga som prosjektleiar. Han tek over etter Ivar-Bjarne Underdal og tek til i stillinga 1. september. I byrjinga arbeider han i 50% stilling.

Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom sauenæringa, fylkesmannen i Sogn og Fjordane og kommunane Årdal, Lærdal og Aurland.

Målet er å vidareutvikle og auke verdiskapinga i sauenæringa i området. Prosjektet skal arbeide for å auke tal bruk med sauehald og auke talet på vinterfora sau og lam.

Sauenæringa representerer viktige arbeidsplassar i kommunane men har og ein viktig rolle i oppretthalding av eit ope landskap for oppleving og rekreasjon.

Prosjektet har ei rekke tiltaksområde med mellom anna fokus på næringa sitt verdigrunnlag og omdøme, nye strategiar for beitebruk, kompetansebygging og teknologi. Eit prioritert arbeidsfelt framover er å oppmuntre til gode bruksutbyggingssatsingar.

For meir info kontakt landbrukssjef Magnhild Aspevik.

 

Tips ein ven Skriv ut