Årdal deltek i lokalmedisinsk senter

Det interkommunale samarbeidet inneber samdrift om legevakt, legevakttelefon, døgntilbod for øyeblikkeleg hjelp og observasjonssenger.

Etter ei samla vurdering, seier rådmann i tilrådinga, er det langt fleire fordeler enn ulemper å delta i Sogn lokalmedisinske senter for å løyse dei nye utfordingane som helse- og omsorgstenestelova og samhandlingreformen pålegg kommunane. Små kommuner må samarbeide for å tilby forsvarlege helse- og omsorgstenester. Kommunene i Sogn vil ha store utfordringer med å rekruttere inn kompetent personell i framtiden. Kommunane vil over tid tene økonomisk på eit tettere samarbeid kommunane imellom. I lys av desse momenta, vil det vere enda meir fordelaktig om fleire kommuner deltek i Sogn lokalmedisinske senter.

Ei lokalmedisinsk senter ved Lærdal sjukehus vil styrke sjukehuset si stilling og framtid.

Kommunestyret vedtok samrøystes i møte 6. februar at Årdal skal vere med i samarbeidet og kom med ei sterk oppmoding til alle kommunar i regionen om å vere med.

1)    Årdal kommune vil delta i interkommunal legevakttelefon lokalisert til Lærdal sjukehus, i tråd med tilrådingane frå prosjektet.
2)    Årdal kommune vil delta i interkommunal legevakt lokalisert til Lærdal sjukehus, i tråd med tilrådingane frå prosjektet.
3)    Årdal kommune vil delta i interkommunalt døgntilbod for øyeblikkeleg hjelp / observasjonssenger lokalisert til Lærdal sjukehus, i tråd med tilrådingane frå prosjektet. Årdal kommune sluttar seg til framlegg av 17.10.13 til særavtale mellom Helse Førde og kommunane om døgntilbod for øyeblikkeleg hjelp.
4)    Årdal kommune sluttar seg til at det i hovudprosjektet blir gjort ei nærare utgreiing av behovet for samarbeid om rehabilitering, psykisk helse og rus.
5)    Årdal kommune sluttar seg til at det i hovudprosjektet tidleg blir avklara vidare framdrift, innhald og retning for delporsjekt 2 (fagnettverk) og delprosjekt 3 (pasientforløp).
6)    Årdal kommune sluttar seg til at følgjande leiarstillingar blir oppretta:
-    koordinator/leiar i 50 % stilling for alle delfunksjonane
-    dagleg leiar for legevaktsentral og legevakt i 50 % stilling
-    legevaktsjef (lege) i 20 % stilling.
Dei blir tilsett i stillingane frå 01.05.14, slik at leiarane kan delta i planlegging og oppbygging av nye tilbod som skal setjast i drift frå november 2014.01.
7)    Årdal kommune sluttar seg forøvrig til tilrådingane frå forprosjektet og føreset at bemanningsbehov, arealbehov, kostnader og kostnadsfordeling blir utgreidd nærare i hovudprosjektet.
8)    Årdal kommune ser på dette som ei klar kvalitetsheving av helsetilbodet i Indre Sogn. Me oppfordrar no alle kommunane i regionen om ei felles løysning, lokalisert til sjukehuset i Lærdal. 

 

 

Tips ein ven Skriv ut