A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Oppstart av frisklivssentral i Årdal

Frisklivssentralen er eit kommunalt helse tilbod som tilbyr hjelp til å endre levevanar.

Frisklivssentralen kan hjelpe og støtte personar som ynskjer å endre levevanar og førebyggje livsstilssjukdommar, gjennom rettleiing og individuelt tilpassa tiltak innan fysisk aktivitet, kosthald og røykjeslutt.

Målgruppa er i første omgang personar i yrkesaktiv alder som står i fare for, eller alt har utvikla livsstilssjukdommar. MEN ein treng ikkje å ha ein diagnose eller vere sjuk for å delta. Det er også rom for personar som av andre grunnar ønskjer hjelp til å endre livsstil. Vi ønsker å spele på lage med organisasjonar og andre treningstilbod som alt er i bygda, samt at vi organiserar noko aktivitet sjølv. Deltaking hjå oss fokuserar på lavterskelaktivitet og er kostnadsfritt.

Legar, anna helsepersonell eller NAV kan tilvise deltakarar til Frisklivssentralen, men ein kan og ta kontakt med oss på eiga initiativ.

Kjenner du nokon, eller kunne du tenkje deg sjølv å gjere endringar i livsstilen din som kan gje deg ei betre helse? Då er du hjarteleg velkommen til Frisklivssentralen i Årdal.

Kontaktinformasjon
Vi held til i kjellaren på helsehuset i Øvre Årdal
Tlf: 902 16 589
epost
: frisklivssentralen@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut