A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Årets TV-aksjon 2013 - Meld deg som bøsseberar

Logo TV-aksjon 2013

Årets TV-aksjon er tildelt Nasjonalforeningen for folkehelsen og deira arbeid med å betra livskvaliteten for dei som er ramma av demens. Slagordet er ”Dagene som forsvinner”.

I Noreg har over 70 000 menneske Alzheimer eller anna demenssjukdom. I løpet av dei neste tiåra vil antalet fordoblast. Enno finnast det inga vaksine eller medisinar mot demens.

Gjennom TV-aksjonen 2013 vil Nasjonalforeningen for folkehelsen gje eit løft til forskninga, slik at demensgåten kan bli løyst. Målet er å utvikle vaksiner og medisiner slik at det vert mogleg å leva betre med demens og hindre utvikling av sjukdommen.
Nasjonalforeningen vil vidare styrke informasjonsarbeid og tilbodet til menneske med demens og deira pårørande. Det er ein alvorleg og nådelaus sjukdom, men med hjelp og aktivitet kan dei gode dagane bli fleire og betre.

Årets TV-aksjon vil finne stad søndag den 20. oktober kl. 16.00.
Oppmøtestad: Indre Sogn Sparebank.

Eg håpar at dykkar velvilje til å bistå med bøsseberarar til årets TV-aksjon er like aktuell som i fjor. Som leiar i komiteen, inviterer eg Dykk til dugnad. Vi har behov for ca. 55 bøsseberarar i Øvre Årdal og 30 bøsseberarar på Årdalstangen. Bøsseberarane vert tildelt kvar si rode og born under 14 år, kan delta ilag med ein vaksen.

For øvrig består komiteen for TV-aksjonen av Olav Midtun, Terje Moe, Odd Øvregard, Ann Kristin Lislelid og Aud Andersen.

Du kan melda dykk som bøsseberarar til
Marie-Helene Hollevik Bransdal på tlf. 45501087 eller til
Tenestetorget på tlf. 57665220, epost: aud.andersen@ardal.kommune.no

 

Tips ein ven Skriv ut