A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Årdal mottakssenter er i full drift

151 asylsøkjarar er no komne til Årdal

Årdal Mottakssenter er no i full drift, og har teke imot 151 asylsøkjarar fra 12 ulike ulike land.  Den største gruppa er frå Eritrea, dernest kjem Somalia. Det er også bebuarar frå Syria, Iran, Tchad, Kongo, Sudan,  Serbia, Afghanistan og Uganda. Av dei som er komne hittil er det 101 menn, 41 kvinner og 9 barn. Samansetting og fordeling mellom menn, kvinner og barn vil variere. Nokon kjem til å oppphalde seg lenge i påvente av at søknaden deira til UDI er handsama, nokon  skal returnere til heimlandet og andre igjen har fått innvilga opphald og ventar på å bli busett i ein kommune.  Dei fleste er busett i hus og leilegheiter i sentrumsnære område på Årdalstangen og i Øvre Årdal, men nokon er òg busett både i Utladalen og Seimsdalen.

 

Tips ein ven Skriv ut