A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Årdal kommune stemna for retten av Hydro Aluminium AS Årdal

Selskapet hevdar å ha betalt for mykje eigedomsskatt i åra 2002-2011 og krev no tilbakebetalt ca kr 85 millioner inkludert renter. Søksmålet kjem som ei stor overrasking for kommunen.

Hydro har som grunn anført feil ved dei takstane som ligg til grunn for berekninga av eigedomsskatten. Søksmålet synest å ha ein viss samanheng med det arbeid som no pågår med taksering av Hydro sine anlegg med verknad frå 2012. Kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for kravet.

Den omtvista skatten var innbetalt løpande i perioden 2002-2011 uten forbehald eller innsigelse frå Hydro. Midlane er naturligvis for lengst brukt til gode for lokalsamfunnet, som også omfattar velferdsordningar som kjem dei tilsette i Hydro til gode, på lik linje med resten av kommunen sine innbyggarar. Eigedomsskatten er eit viktig bidrag til finansieringen av velferdssamfunnet, og kommunen er derfor avhengig av å kunne legge til grunn at innbetalt eigedomsskatt, som ikkje vert klaga på, utgjer ei endelig inntekt for kommunen.
Søksmålet kjem som ei stor overrasking for kommunen. Det blir svært vanskeleg å ha ei forsvarlig styring av kommunen sin økonomi, viss skattytarane kan krevje tilbake eigedomsskatt som vart akseptert og betalt for ei årrekke sidan. Det er veldig uheldig at Hydro, som kommunen sin største skattytar og med ein svært profesjonell organisasjon, ikkje innrettar seg etter dette.

Søksmålet innebær at kommunen no uansett må bruke ressursar på å forsvara seg i rettsapparatet.

For meir informasjon:
Ordførar Arild Ingar Lægreid
mob. 975 29 137

Advokatfirmaet Haavind AS
Arne Haavind  mobil 922 45 279

 

Tips ein ven Skriv ut