A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Årdal kommune i Holmenkollstafetten 2013

  • 1
  • 2
  • 3

For 6. året på rad deltok Årdal kommune med lag i Holmenkollstafetten, i klassen for bedrift/blanda lag. Laget har hatt faste fellestreningar i vårperioden med avsluttande test- og uttaksløp. Så skulle altså resultatet av trening og taktikk prøvast ut i Oslos gater laurdag 11. mai.  

I år var det 10 kvinner og 5 menn i ÅK-miksen. Jamt god innsats på alle deltakarane, kontrollerte vekslingar og skoknutar som heldt, førte til sluttida 75.55, som vart 61. plass av 569 lag i klassen.

Så no kan kommunen skryta av at dei har spreke medarbeidarar. Dei raude lagsdraktene er alt vaska og klare for neste års stafett, då laget heilt sikkert kjem til å forbetra årets tid!
Trass i eit godt resultat for laget er det likevel det sosiale som er viktigast, motivasjonen til å halda seg i form og gleda over å møtast til fellestreningar.

Organisatorar for det heile har vore Stine Mari Måren Elverhøi, Liv Moen og Rolf Breisnes.

Bilde 1: Årets lag.
Øvst frå venstre: Preben Vee, Torbjørn Haug, Hanne Britt Eldegard, Nils Solheim. I midten: Oddbjørn Lien, Lars Arne Nes, Stine Mari Måren Elverhøi, Sølvi Hatlevoll, Kristin Eldegrad, Merete Moen. Framme: Kari Holsæter, Grete Lien, Anita Tveit, Ann Kristin Midtun, Anne Bjørg Dalheim.

Bilde 2: Stemningsbilde frå løypa.

 

Tips ein ven Skriv ut