A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Resultat frå UKM Årdal 2013

Laurdag 2.mars gjekk UKM-Årdal av stabelen.
Totalt 46 ungdommar stilte til dyst, fordelt på 17 sceneinnslag, 1 film og 11 kunstnare med 21 kunstinnslag.

Fleire av ungdommane stilte med meir enn eit innslag, både på scene og  kunst. Nivået i år var sers høgt, noko som gjorde jobben til juryen ekstra vanskeleg.
At det berre er nokre av innslaga som kjem vidare til fylkesmønstringa, gjer ikkje innsatsen til dei andre mindre. Det er utruleg mange flinke og kreative ungdommar og vi voner vi ser dei igjen neste år.

Vi takkar alle artistar, kunstnarar og medhjelparar for innsatsen og  ynskjer alle lukke til vidare!

Vi takkar òg juryen, som til sist plukka ut desse 13 ungdommane,som skal representere Årdal på fylkesmønstringa i Førde 20.-21.april:

Kunst:

Jenny Hatlelid Holsæter (13), med biletserien  ”Ingen sa at livet var lett” og ”Tru meg”
Eline Noren (13) med si Kubbedukke
Johanne Nyborg (19) og Lotte Bukve Kjødnes (19), med bileteserien ”hear no evil, speak no evil, see no evil”
Edward Mangera Tandberg (11) med sitt måleri ”Tangafjell”

Scene:

Marco Pyykkønen (13), med låta ”Boyfriend”

HUB
Aleksander Kinserdal(15), Augustin Bjørkum Holsæter(12), Jesper Lågøen(12), Kristoffer Prince(15), Mathias Hansen(16), med låta ”Diamant til kull”

The lonely two
Thea Berg(14), Aleksander Kinserdal(15), dei har og med musikklæraren sin, Ketil Thorbjørnsen, på gitar, med sin sjølvlaga låt ””Feel the beat”

Frida Tryti Hunshammer(14), med si sjølvlaga låt ”Higher”

Lotte Bukve Kjødnes(19), med sin eigen dans ”Lykke”, dansa til musikken ”Flim” av Aphex Twin.

Tips ein ven Skriv ut