A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Flaum- og faresonekart for Årdal

Kommunen fekk i dag overlevert flaum- og faresonekart frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).
  • 1

NVE sin regionssjef, Gunnstein Brakestad, orienterte i dag formannskapet om kartlegginga som er gjort for Årdal.

Flaumsonekart
Kartlegginga er gjort for Hæreidselvi på Årdalstangen, Fardalselvi, Utla, Tya og Sitla i Øvre Årdal.
Flaumsonekarta viser vasstand i elva og flaumutsett areal ved ulike flaumhendingar. Karta viser òg vassdjupne for flaumutsett areal.

Faresonekart for skred
Åtte område er kartlagt og det er utarbeidd faresonekart for områda Seimsdalen Vest og Aust, Hæreid, Vesteigane, Børtnes, Ramnberg, Tronteigen og Flåten.

 

Tips ein ven Skriv ut