A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Årets Årdøl og Kulturpris 2012

Årets Årdøl og Kulturprisen gjekk i år til Karl Seglem og Svein Magne Hestetun
  • 1
  • 2
  • 3
  • 4
  • 5

Før kommunestyre starta torsdag føretok ordføraren tildeling av Kulturprisen og Årets Årdøl under eit lite samkome på kantina i Samfunnshuset.

Kulturprisen 2012 vart tildelt Svein Magne Hestetun med denne grunngjevinga:
Årets kulturprisvinnar har i fleire år lagt ned eit betydeleg arbeid med å ta vare på garden Hestetun, både bygningane som tilhøyrer garden, gardstunet og stølen på Murane. Han har teke vare på den gamle fjøsen og vedlikehalde dei to bustadhusa, mellom anna ved å skifte glas til slik dei opphavleg var. Han har sett opp eit eldre stabbur på tunet, og han held geiter og høns, noko som bidreg til eit levande gardsmiljø. Både barnehagane i bygda, skuleklassar og eldre frå ÅBO vitjar garden og nyttar miljøet med dyr og gardskultur.

I november dette året arrangerte Hestetun to julemesser i fjøsen, der lokale kunstnarar deltok.

Hestetun har også bygd ei lita tømmarhytte på ein tidlegare husmannsplass, Sundheim i Fardalen. Hytta ligg ved skiløypa og står open om vinteren, slik at alle kan nytte seg av henne. I tillegg har han sett opp att stølshuset på Murane og laga eit fint utemiljø rundt det.

På denne måten har årets kulturprismottakar stetta fleire av kriteria til prisen. Han har lagt ned eit stort arbeid i å ta vare på eldre bygnignar, han har fornya eit levande gardsmiljø, han har lagt til rette for utøvande lokale kunstnarar, og ikkje minst har han lagt til rette for at bygdefolk og andre kan ha glede av det han skapar.

Svein Magne Hestetun har gjennom fleire år jobba med bygningsvern og kulturminnevern. Han har bygd opp gratis tilbod til sambygdingane sine og auka kvaliteten på Nærmiljøet. Han er såleis ein verdig kandidat til kulturprisen 2012.


Årets Årdøl 2012 vart Karl Seglem.
Eitt av kriteria til Årets Årdøl er formulert slik: Personar eller grupper som har sett Årdal på kartet på ein positiv måte eller profilert Årdal godt utad, kan også motta prisen. 

Årest prisvinnar er i ein slik kategori. Sjølv om ein kan seie at han er ein verdsmusikar, er han trufast mot røtene sine. Lokal kultur og tradisjonsmusikk i kombinasjon med ulike sjangrar gjer at han har sitt heilt spesielle musikalske uttrykk. Som anerkjend musikar står han støtt på eige opphav både nasjonalt og internasjonalt, og er på den måten ein god ambassadør for heimstaden. At Årdal i tillegg til å koke aluminium kan fostre profesjonelle og dyktige musikarar, viser at industri og kultur kan vere ein god kombinasjon – og er svært viktig for bygda sitt omdøme.

Karl Seglem fekk Årdal kommune sin kulturpris tidleg i musikkarrieren sin, i 1983. Etter den tid har han hatt ei rivande utvikling, med stor produksjon, ulike samarbeidspartnarar og mykje turneverksemd, og han er blitt svært anerkjend, både nasjonalt og internasjonalt. Prov på denne anerkjenninga er prisar som Edvardprisen (1998) og Buddyprisen (2010).

Seglem har gjeve ut 27 album, av desse er 14 soloalbum.

2012 har vore eit spesielt år for Seglem. I haust har han fått både Nopas musikkpris og Egil Storbekkens Musikkpris. NOPAs musikkpris vert delt ut til ein komponist for eit verk skrive i inneverande år. Seglem fekk prisen for sitt bestillingsverk "Som spor", som vart urframført på Vossajazz i mars, og som vart spela att på Nasjonal jazzscene i Oslo førre fredag.

Me i Årdal kommune er stolte over å ha ein årdøl i musikalsk verdsklasse, og vil gje eit synlig prov på det gjennom å tildele prisen Årets Årdøl til Karl Seglem.

Prisvinnarane fekk tildelt diplom utforma av Reidun Vinda, Jubileumsboka til Årdal kommune og ein gåvesjekk på kr 5.000,-.

Elevar frå Årdal musikk- og kulturskule framførde to flotte sang- og musikkinnslag.

 


 

 

 

 

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut