A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Sigrid Moldestad & band til Årdal Kulturhus laurdag 17. november kl. 18.00

Songaren, felespelaren og historieforteljaren gav ut si 3 plate som soloartist 8. mars 2012

Moldestad byggjer vidare på uttrykket frå dei føregåande platene, TAUS (2007) og Sandkorn (2010), men "Himlen har sove bort mørkret", som er tittelen på den nye plata, sprengjer endå fleire musikalske grenser. Albumet har smakar av visetradisjon, britisk 70-tals folk, psykedelia og pop. Sigrid Moldestad står for dei fleste låtane sjølv, og byggjer alltid med folkemusikken som grobotn og base.

Sigrid har eit kraftfullt bogedrag og ei særeigen stemme. Ho klarar gong på gong å røre kjenslestrengar til lyttaren, og musikken og tekstane hennar manar fram både hjartesorg, stormande glede og melankoli. Varsamt vert vi omfamna av musikk som utfordrar oss som lyttar fordi tekstane er så innhaldsrike, og som samtidig leier oss gjennom eit musikalsk univers som etterkvart har fått eit tydelig Moldestad-preg. Saman med bandet skapar Moldestad sjangerlause og grenselause møtestadar i musikken.

Plata har fått særdeles god mottaking frå presse og anmeldarar med mange Terningkast 5 og 6:

Førehansbestilling av billettar kan ein gjera her

Tips ein ven Skriv ut