A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Baby-/føremiddagskino i Årdal

Eit kinoalternativ på dagtid for deg som er heime med små born, er pensjonist eller av andre grunnar har fri om føremiddagen.

Det vert film med lågare lyd, der det er høg toleranse for amming, barnelydar og vogner i kinosalen.

Fyrste gong vert tysdag 30. oktober kl. 12.00

Meld gjerne inn på facebooksida til Årdal kino, eller til kinoansvarleg, kva film du kunne tenke deg som første film. Det kan vere ein ønskereprise (viss me fortsatt har den tilgjengeleg) eller ein av dei filmane som me har på månadsprogrammet.

Årdal kino ynskjer deg vel møtt på baby-/føremiddagskino!

Kontakt; Gunnvor Haug Moen på epost eller mobil 975 31 247

Filmprogrammet på Årdal kino finn du på kinoen si heimeside.

Tips ein ven Skriv ut