A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Flott opning av Årdal Kulturhus

Det vart ei flott markering på nyopninga av Årdal Kulturhus mandag kveld.
  • 1
  • 2
  • 3
  • 4
  • 5
  • 6
  • 7
  • 8

Det heile starta i foajeen med avduking av kunsten på glasveggen mellom foajeen og eldresenteret.

Årdal musikk- og kulturskule hadde eit fint innslag og John Normann Melheim føretok den offisielle avdukinga av kunsten med å klyppe snora. Kunstnaren, Thomas Sæverud var forhindra fra å møte, men kunstkonsulent Harald Fenn fortalde om kunsten.

Etter seansen i foajeen var det tid for kulturprogram og offisiell opning av festsalen.

Camilla Helle Stefanski opna med eit flott ballettnummer. Ho har fått svært god ballettundervisning av Leyune Avdal sidan førskulealder. I år fekk ho det prestisjetunge Dramastipendet av Norsk Kulturskuleråd og Norsk Tipping, eit stipend som kvart år blir delt ut til ungdom som har utmerka seg som store talent innafor sitt kulturuttrykk.

Åsa Vigen Barstad fra Årdal vokal- og dramaverkstad framførde songen "Hope".

Leiar for kultur, Torunn Liltved og rektor på Årdal musikk- og kulturskule ønskte velkomen.

Liltved sa det var ei stor glede å ønskje velkomen til Årdal si nye, flott kulturelle storstove, og at i ei tid da årdalssamfunnet  slit på fleire område, er det kanskje viktigare enn nokon gong å få ein god samlingsstad for ulike arrangement, og få opplevingar som kan løfte oss litt ut av kvardagen og gje rom for glede og nye perspektiv.

Øren, som også har hovudansvar for kulturarrangement i kommunen sa det var ei glede å arbeide med kultur i bygda. Det er stor breidde i kulturlivet i Årdal, og noko av det fekk med sjå denne kvelden.

Ordførar Arild Ingar Lægreid føretok den offisielle opninga, og retta ei spesiell takk og ba om applaus til prosjektleiar Harald Stadheim for godt utført arbeid.

Årdal sogelag ved Bjørn Lindland og Johnny Asperheim synte bilete og gav eit tilbakeblikk på forsamlingshus i Årdal frå tidlegare tider og fram til i dag.

Hovudinnslaget på den kulturelle delen var SOULSHINE under leiing av Øyvind Lægreid med Monica Hjelle som solist og koring av Kor Moro.
Det vart ein forrykande konsert med SOUL- og BLUESPROSJEKTET under leiing av Ketil Thorbjørnsen og Helge Øren, med The Huskies, Øvre Årdal Janitsjar og Årdal kulturskule. 
Koring fra kulturskulen: Anita Knutsen Haglund og Frida Hunshammer

Solistar var Monica Hjelle, Ketil Thorbjørnsen og Frid og Odd Norheim.

 

 




 

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut