A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Årets Tv aksjon - Treng bøsseberarar

TV-aksjonen for 2012 er tildelt Amnesty International og den finn stad søndag 21. oktober.

Har du lyst å vera bøssebærar så meld frå til Tenestetorget ved Aud Andersen tlf. 57 66 52 20 eller epost; aud.andersen@ardal.kommune.no fint med ei tilbakemelding innan 15.10.

Vi har behov for ca. 55 bøsseberarar i Øvre Årdal og 30 på Årdalstangen. Bøsseberarane vert tildelt kvar si rode og born kan gå saman med ein vaksen.

Årets TV-aksjon finn stad søndag den 21. oktober kl. 16.
Oppmøte i Indre Sogn Sparebank kl. 15.30, for utdeling av bøsse og rodekart.

Amnesty International er verdens største menneskerettigheitsorganisasjon og vart grunnlagt i 1961. Organisasjonen er politisk uavhengig og har 100 000 medlemmer i Noreg og over 3 millionar medlemmer i verda, fordelt på 150 land.

Amnesty International er grasrota si røyst og arbeider aktivt der menneskers friheit, rettferdigheit og verdigheit er trua.

Midlane frå årets TV-aksjon skal gå til kampen for menneskerettigheiter. Historia viser at respekt for menneskeverd ikkje er ein sjølvfølge, men noko som vi må krevja. Det gjer våre medmenneske i eksempelvis Egypt, Iran , Kina og Nigeria i dag. Ved å støtte TV-aksjonen, støttar du ein fredeleg kamp for menneskerettigheitar.

Tips ein ven Skriv ut