A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Klassisk fløyte- og pianokonsert i Årdal kyrkje

Stad: Årdal kyrkje
Tid: onsdag 3. oktober kl. 18:00

Ein vakker konsert ved to av dei beste klassiske musikarane vi har i Sogn i Årdal Kyrkje. Dora David speler tverrfløyte, og Joakim Aselmby piano, og dei vil framføre dei klassiske meisterverka

Sonate i E-dur BWV 1035 av Johann Sebastian Bach
Sonate av F. av F. Poulenc og Sonate op.94 av S. Prokofiev

Dora David begynte som trebåslærer/fløytist i Kulturskulen i Sogn i begynnelsen av november 2009. Dora er fødd i Budapest 1969. Ho utmerka seg som fløytist allereie som barn, og deltok som solist med ulike orkester i oppveksten både i heimlandet, Ungarn, og i utlandet. David valde å satse vidare på musikken og begynte på Bela Bartok musikkgymnas og seinare ved Franz Liszt akademiet. Etter dette gjekk vegen vidare mot Norden, og ho tok diplomutdanninga si ved Sibeliusakademiet i Helsinki, Finland. Ho hadde fleire solistoppdrag medan ho studerte i Finland, Tyskland, England, Ungarn og etter studiane var ho tilsett som solofløytist i Joensuu Symfoniorkester. Dora kom til Noreg hausten 1996 med jobb som distriktsmusikar i Nordland. Frå oktober 1998 til 2005 har ho arbeidd som distriktsmusikar i Høyanger kommune og etter det inntil 2009 som freelance musikar i Bergen.

Joakim Anselmby er fødd i Karlstad i Sverige. Han tok sine fyrste pianotimar som seksåring og har sidan studert i Stockholm, Oslo og Paris. Joakim har motteke fleire prisar for sitt pianospel mellom anna ved Jeunesse Musical i Dublin, Kil International Piano Contest og Kungliga Musikaliska Akademien i Sverige. Som solist har han hatt konsertar i hele Europa og Japan. Joakim har vore tilsett som distriktsmusikar i Sogn sidan 2001. I 2009 gav han ut solo-CDen "Transformations".

Billettpris: kr 100,-

Arrangør: ÅRDAL KOMMUNALE MUSIKK OG KULTURSKULE

 

Tips ein ven Skriv ut