A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Teater Sirkus Saragossa i Årdal Kulturhus

Stad: Årdal Kulturhus i Øvre Årdal
Tid: torsdag 18. oktober 18:00

Sirkus Saragossa er årets store familieframsyning på Sogn og Fjordane Teater. Her kjem ting fykande i lause lufta, forsvinn og dukkar opp att på dei merkelegaste plassar i god gamaldags sirkusstil. Dette er ei spektakulær og magisk oppleving med trylling og sjølvaste Helge Jordal som klovn.

I dette nyskrive stykket får du møte den fantastiske sirkusfamilien Saragossa; ti år gamle Elvis, mora hans Mercedes med den flotte mustasjen, bestemora Lola som er kanonkonge, og onkelen Sonny som er klovn. Elvis og familien hans flyttar inn i Villa Dejavu i ein liten by på Vestlandet. Men livet i ein småby er ikkje alltid like greitt når du er barn i ein sirkusfamilie og er flinkare til å trylle enn å lese. Heldigvis blir Elvis raskt ven med Vesle-Finn, og saman finn dei på mykje moro som set heile byen på ende.

Målgruppe og speletid
Dette er ei framsyning for heile familien, barn, foreldre og besteforeldre. Her er ingen aldersgrense!

Billettsal og prisar
Alt billettsal startar 15. august. Gjennom billettservice får ein kjøpe billettar på alle landets postkontor og Narvesenkioskar i tillegg til på
www.billettservice.no og 815 33 133. Dersom ein ønskjer billettane sendt heim til seg i posten, så må ein ringe seinast fem virkedagar før speledato elles kan ein sjølvsagt ringe å reservere dei for å hente dei i døra eller på Posten/Narvesen. Hentefrist på reserverte billettar er sju dagar og seinast kl 17.30 på speledagen.

Prisane eks. billettavgift er:
Vaksen: 200 kr
Barn/Student/honnør/firdakortet/gruppe (min. 5)/medlemmar BoiVest/Firdakortet/Teaterlauget: kr 150,-
Scenekort kr 100,-

Billettavgift kjem i tillegg til prisane ovanfor (på billettservice er avgifta 20 kr)
Sal i døra frå kl 1700 på speledagen.

Arrangør: ÅRDAL KOMMUNALE MUSIKK OG KULTURSKULE

Sjå trailer her av Silkus Saragossa

 

Tips ein ven Skriv ut