A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Premiere på Årdal kino; "Til ungdommen"

Fredag 31. august kan du sjå den på Årdal kino.
  • 1

"Til ungdommen" følgjer fire politisk engasjerte ungdommar frå sommaren 2009 til hausten 2011. Fire unge som vil noko, som tør seie kva dei meiner om det samfunnet som me lever i, som vil gjere verda til ein betre stad.

Sana, Henrik, Haakon og Johanne er medlemer i kvart sitt politiske ungdomsparti, og førebur seg til valkampen 2011 med intens debattrening. 22. juli følgjer filmteamet Johanne på Utøya, og reiser deretter tilbake til Oslo for å møte Sana i sentrum på ettermiddagen.

Så smeller det....

Sjå filmen på Årdal kino fredag 31. august kl. 19.30.

Filmen er tillatt for alle, men er tilrådd vaksen/ungdom.

Tips ein ven Skriv ut