A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Opning av bassenget i Årdalshallen

Vi arbeider for å få opna bassenget i Årdalshallen 3 september.

Friluftsbassenga er no stengt for sesongen, og vi arbeider med å klargjere innebassenget i Årdalshallen. Til dei som undrar, kan det kanskje vere på sin plass med litt informasjon om kvifor vi ikkje opnar direkte inne, men har ein mellomperiode før Årdalshallen er klar.

Vi kan ikkje køyre både innebassenget og utebassenget samstundes, då vi nyttar same reinsesystemet. Det betyr at vi må stoppe sirkulasjon på utebassenget før vi kan starte inntapping til innebassenget. Før vi kan opne, må vi fylle bassenget. Dette starta tysdag 21 august. Så må vi få opp temperaturen på vatnet, noko som tek 4-5 dagar. Samstundes skal kjemikalitilsettinga føregå. Vi må balansere Ph og klortilsetjing i vatnet, slik at det er stabilt innanfor krava frå forskriftene.
Så er det krava frå Mattilsynet, som sler fast at vi må ha godkjende vassprøvar frå laboratorium før vi kan setje i gang badinga.  Desse prøvane tek det 72 timar å gjennomføre. Vi planlegg (og håpar) at vatnet er klart til å kunna takast prøvar av måndag eller tysdag førstkomande. Vi vil då ha resultat av prøvane til helga 1-2 september.
Er alt som det skal vere med prøvane, vil vi opne bassenget 3. september.
 
Så vil eg, når alt er på plass frå vår side, få ønskje gamle og nye gjester hjarteleg velkomen i bassenget i Årdalshallen i sesongen 2012-2013.
 
Arne Hovland
Idrettskonsulent
Tips ein ven Skriv ut