A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Inge Moen har vore tilsett i Årdal kommune i 50 år

  • 1

18. juni 1962, to dagar etter at han var ferdig med ungdomsskulen, byrja Inge Moen som flisagut i Årdal kommune 16 år gammal.
Han fekk etter kvart andre arbeidsoppgåver, bl.a. som fagarbeidar på Teknisk etat. Dei siste åra har det vore innkjøp og sentralbord som har vore hovudarbeidsoppgåvene hans.
Inge seier han har stortrevest med alle arbeidsoppgåvene sine.

Det er ikkje mange som får oppleve heile 50 år på same arbeidsplassen. No vil Inge pensjonere seg, og alle kollegaene hans vil sakne det gode humøret hans og ikkje minst alle dei morosame historiane han kan fortelje om det han har opplevd i kommunen gjennom desse åra.

 

Tips ein ven Skriv ut