A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Varsel om streik i Årdal kommune

Fagforbundet tek ut Årdal kommune i fase 3 av opptrappinga.

147 tilsette i Årdal kommune tilslutta Fagforbundet er tekne ut i streik frå og med onsdag 6. juni kl. 07.00.

Uttaket omfattar tilsette ved tekniske tenester, administrative stillingar, og barnehage/SFO.
 
Årdal kommune har gjennomført drøftingsmøte med streikekomiteèn i Fagforbundet med fokus på konsekvensar for tredjepart, samt liv og helse. Fagforbundet har innvilga dispensasjonssøknader som omfattar ein del av dette.
 
Konsekvensane ved ein streik vil mellom anna vera:
 
·         Årdalshallen vert stengd for all aktivitet, inkl. symjebassenget
·         Symjebassenget ved Tangen skule vert stengd
·         Utandørs symjeanlegg på Årdalstangen og i Øvre Årdal vert ikkje opna under streiken
·         Alle barnehagane og skulefritidsordningane vert stengde
·         Kinotilbodet går som vanleg t.o.m. søndag 10.juni.
·         Biblioteket vert stengd f.o.m. 6.juni.
·         Det vert ikkje utført vedlikehald og tilrettelegging på idrettsanlegga.
·         Det vert ikkje utført vedlikehald på kommunale grøntanlegg, vegar m.m
·         Sterkt redusert drift og vedlikehald på kommunale bygg
·         Ingen tilgang til sentralarkivet, forsinkingar i postregistrering og distribusjon. Generelt redusert tenestetilbod.
·         Tenestetorget og sentralbordet er stengd. Kontaktinformasjon vert gjeve på telefonsvarar 57 66 50 00.
 
Drifta vert følgt nøye og akutte situasjonar vert teke hand om med det same. Leiinga kjem til å ha tett dialog med Fagforbundet gjennom heile aksjonen.
 
Du når administrativ leiing slik;
Rådmann              Ingvar Laberg       57665010/97549939
 
Årdal kommune har desse vakttelefonane:
Teknisk vakt              97648102/91857966
Legevakt                    57661113
Heimesjukepleie     97092155/97090339
 
 
 
Ingvar Laberg
rådmann
Tips ein ven Skriv ut