ÅKBIL om Holmenkollstafetten 12. mai 2012
Årdal kommune sitt lag i Holmenkollstafetten laurdag 12. mai gjorde det svært godt.
Dei 15 løparane sprang inn til tida 74.55, noko som heldt til plass nr. 60 av 659 lag i klassen for mixa bedriftslag. Laget har hatt ei fellestrening pr veke frå mars og avslutta med eit par testløp og litt vekslingstrening før osloturen.
NB: Neste år vert det også spesialtrening i skolisseknyting, og då vil nok tida gå ytterlegare ned!
Løpinga og deltakinga i stafetten er hovudmålet, men det sosiale står i sentrum, med felles bussreise, inkludert tippekonkurranse og busskviss, og hyggeleg samvære under opphaldet i Oslo.
Deltakarane representerer Årdal kommune på ein framifrå måte og gir bygda vår god reklame!
Lagleiarar: Liv Moen og Rolf Breisnes
Foto: Rolf Breisnes