A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Bokbåten til Epos til Årdalstangen

Fredag 16. mars legg bokbåten Epos til kai att på Årdalstangen.

17.00 - 18.00    Utlån
18.00 - 19.00    Kulturprogram

Besøket hausten 2011 var ei kjekk oppleving for store og små, og vi håpar at mange tek turen denne gongen og.
Bokbåten har ei samling på rundt 6000 bøker om bord. Samlinga er aktuell og innheld mykje kjekt for store og små.
Bokbåtbesøk handlar ikkje berre om å låne bøker. Båten er ei kulturoppleving i seg sjølv og det er og eit kulturprogram om bord. Denne gongen er det Kristin Groven Holmboe som vil få oss til å synga med i Det var en gang en sang.
Bøkene ein låner på båten kan ein levere inn neste gong båten kjem, på Årdal bibliotek, eller i bokkassa på rådhuset på Årdalstangen.

Meir om bokbåten finn du her.

Vi ynskjer små og store, øvringar og tangingar, velkomne til ei hyggeleg kulturoppleving.

Tips ein ven Skriv ut