A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Oppstart av renovering i Samfunnshuset Øvre Årdal

Arbeidet med å renovere og fornye storsalen med tilhøyrande sideareal byrjar frå måndag 6. februar.

Det er venta at anleggsarbeida vert avslutta i juli månad, slik at me kan ta i bruk ein nyrenovert og ombygd sal frå hausten 2012!

Fram til påske vil det pågå arbeid med riving og skjering av betongkonstruksjonar m.v. Sjølv om me planlegg å gjera desse arbeida så skånsamt som mogeleg ved at me blant anna stenger av området mot drifta elles i huset, vil det likevel føre med seg ein del plager med støy og støv. Me håpar at ulempene ikkje vert for store.

Ta gjerne kontakt dersom noko er uklårt, eller de ynskjer meir informasjon.


Harald Stadheim
Prosjekt- og byggeleiar
Tlf. 57 66 51 16

Tips ein ven Skriv ut