A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Tildeling av Årets Årdøl og Kulturpris

  • 1
  • 2

Geir Kjetil Øvstetun vart i dag tildelt prisen for Årets Årdøl og stiftinga Målrock fekk tildelt kulturprisen under ei tilstelning med kommunestyret.

Geir Kjetil Øvstetun hadde ikkje høve til å ta imot prisen, så det var broren - Jan Are Øvstetun som mottok den for han.
Geir Kjetil Øvstetun vart kåra som Årets Årdøl for ein imponerande friviljug innsats for forballen i Årdal i over 20 år. Han er i dag leiar i Årdal FK med alt det inneber av administrativt og økonomisk ansvar. Han trenar også eit smågutelag i ÅTIL og er assistenttrenar for ÅFK 2 i 5. divisjon. Han har fungert som trenar, lagleiar og hatt ulike styreverv. Fokus har vore på gode haldningar, lagånd og samarbeid, og unge spelarar har fått råd og rettleiing på ein konstruktiv måte.
Øvstetun var òg ein nøkkelperson i samanslåinga mellom Jotun og Tangen.

Arvid Fodnes, leiar i stiftinga Målrock tok imot kulturprisen.
Stiftinga Målrock fekk kulturprisen for arbeidet dei legg ned i samband med musikkfestivalen Målrock. Dei gjer ein formidabel innsats gjennom heile året. Festivalen har etablert eit godt samarbeid med næringslivet og det lokale lagslivet i bygda som får viktige dugnadsinntekter gjennom festivalen.
Arrangementet Målrock set Årdal på kartet på ein svært positiv måte og byggjer kommunen sitt omdøme når det gjeld musikk, språk og kultur. Ein slik festival er av uvurderleg betydning når det gjeld bygda sin attraktivitet, kanskje særleg blant yngre menneske.

 

 

Tips ein ven Skriv ut