A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Utlegging av budsjett 2012, Økonomi- og handlingsplan 2012-2015

Formannskapet legg framlegget til årsbudsjett 2012 og økonomi- og handlingsplanen for 2012-2015 ut til alminneleg ettersyn. I medhald av kommunelova § 45.3 skal framlegget frå formannskapet leggast ut til alminneleg ettersyn i minst 14 dagar før det vert handsama i kommunestyret.

Rådmannen sitt framlegg til budsjett vart handsama i formannskapsmøte 22.11.2011.

Det kom i dette møtet fram endringsforslag som vart vedteke og kva dette omhandla kan du lese meir om i møteboka frå møtet.

Årdal formannskap sitt framlegg til budsjett 2012, samt Økonomi og handlingsplan 2012-2015 vert i samsvar med kommunelova § 45-3 lagt ut til offentleg ettersyn på følgjande stader: 

  • Tenestetorget i rådhuset på Årdalstangen
  • Sekretariatet for folkevalde i rådhuset på Årdalstangen
  • Årdal bibliotek, Samfunnshuset Øvre Årdal 
Ålmenta, dei politiske partia og andre organisasjonar kan sende moglege innspel eller merknader seinast innan 06.12.2011 til:
 
Årdal kommune
Postboks 40
6881 Årdalstangen
 
Årdal kommunestyre skal handsame saka i møte den 15. desember 2011.

Saksframlegg budsjett

Vedlegg:

Budsjett 2012 - Økonomi- og handlingsplan 2012-2015
Prisar, satsar og gebyr 2012
Budsjettnotat 1
Budsjettnotat 2
Eigedomsskatt - saksframlegg

Tips ein ven Skriv ut