A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Kulturpris og Årets årdøl

Kulturpris
1.    Årdal kommune kan kvart år dele ut ein kulturpris. Prisen vert gjeve til einskildpersonar eller organisasjonar som har tilknyting til kulturlivet i kommunen.   Det kan vera på område som lagsarbeid, utøvande kunstnarleg verksemd, bygningsvern/kulturminnevern eller anna nærmiljøarbeid

2.    Vedvarande arbeid over fleire år, eller ein heilt spesiell innsats, kvalifiserer i særleg grad til prisen.

3.    Føremålet med prisen er å stimulera kulturlivet i kommunen ved å gje honnør for spesielt god innsats på området. Same personen kan berre unntaksvis motta prisen meir enn ein gong.


Årets årdøl
1.    Prisen vert gjeve til personar eller grupper som har gjort ein særleg innsats for andre menneske, eller ein særleg innsats til beste for bygda gjeldande år.

2.    Personar eller grupper som har sett Årdal på kartet på ein positiv måte / profilert Årdal godt utad, kan også motta prisen.


Alle vert oppfordra om å sende inn grunngjevne framlegg til aktuelle kandidatar. Kommunen kan også sjølv foreslå kandidatar. 
Ein av desse, eller begge, prisane kan delast ut kvart år.  Tildelinga av prisane vert avgjort i Utval for barnehage, skule og kultur og delt ut under kommunestyret sin julemiddag.

Kvar av prisane er på kr. 5000,-.

Frist for innspel er 25. november 2011.
Innspela skal sendast til Årdal kommune, kulturavdelinga, postboks 40, 6881 Årdalstangen eller e-post: postmottak@ardal.kommune.no


-    Rådmannen -

 

Tips ein ven Skriv ut