A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Opning av kino i Årdal

Det er mange som ventar på nyopning av kino i Årdal.

Desverre ser det ut til at dei må venta ein stund til....
Frå planlagd opning i september ligg det no an til at den blir opna i løpet av januar mnd. 2012.

Men den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves, heiter det.
Den nye kinoen kjem til å bli eit utruleg bra tilskot til kulturlivet i bygda med:

  • 189 gode seter
  • Nytt digitalt utstyr for visning av film
  • Biletkonverter som gjev moglegheit for direkteoverføring av t.d. konsertar og idrettsarrangement
  • Nytt lydanlegg og lerret
  • 3D-utstyr
  • E-ticketsystem
  • Enkel kiosk med sal av pop-corn og brus i samband med billetsal
  • Nye, hyggelege omgjevnader

Me som jobbar med førebuinga og drifta av den nye kinoen, håpar at Årdølene vil nytta tilhøvet når kinoen kjem i gang og verkeleg bruka han. Me ynskjer alle aldersgrupper velkomne, og er opptekne av å få ein god kinokultur med ro og orden under framsyningane. Film skal gje rom for alle typar opplevingar, frå spenning og latter til alvor og ettertanke. Me håpar at Årdal kommunale kino vil gje mange gode filmopplevingar!

Tips ein ven Skriv ut