A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Gladmelding til badande i Årdalshallen.

Varmtvatntilførsla i hallen er no sikra. I tillegg har det vorte gjort utbetringsarbeid i badstovene slik at dei badande kan få seg ein triveleg tur i saunaen også.

Nye deler til vassanlegget i Årdalshallen kom på plass i løpet av føremiddagen. Monteringa er gjennomført, og anlegget er i full drift att. Badetemperaturen er no oppe i 27 grader, og det viktigaste, dusjane har godt og varmt vatn.
Siste veka har det også vorte arbeida med å finne fram til feilen på badstoveomnane. Det visar seg at temperaturen under omnane har vorte for høg slik at termostaten har slått seg ut. Over tid har dette svekt termostatane mykje, slik at dei til slutt ikkje har fungert i det heile.

Det er  no lagt inn kjøling under omnane, skifta termostat og lagt inn ny stein. Omnane skal endeleg  fungere tilfredsstillande, og vi håper å få attende ein del av våre faste gjester som diverre har vorte skadelidande av at omnane har svikta.

Tips ein ven Skriv ut