A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Deler av Årdalshallen kan bli stengt på kort varsel

Feil på pumpe kan føre til stenging.

Ei sirkulasjonspumpe for oppvarming av basseng- og dusjvatn er ute av funksjon i Årdalshallen. Dette fører til at bassenget ikkje klarer å halde på varmen, og vil langsamt tape varme. Det som er meir alvorleg er at dette også fører til at vi ikkje kan varme dusjvatn. Då vil det ikkje ta så lang tid før vatnet i dusjane vert for kaldt til at det kan nyttast.
Vi er i gang med reparasjon av anlegget, men veit ikkje kor omfattande skaden er, og kor lang tid det vil ta før vi får i gang att anlegget.

Vi vil heile tida vurdere om det er forsvarleg ut frå hygieneperspektiv å halde ope bassenget og hallen. Deler av hallen kan difor bli stengt på kort varsel. Førebels går aktivitetane som normalt.

Tips ein ven Skriv ut