A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Planvedtak - Områdereguleringsplan for Torgkvartalet, Øvre Årdal

I samsvar med § 12-12 i plan- og bygningslova godkjende kommunestyret i sak 065/11 den 8. september 2011 Områdereguleringsplan for Torgkvartalet, Øvre Årdal.

Planområdet er lokalisert i sentrum. Formålet med plana er å legge til rette for vidareutvikkling av sentrum med møteplassar, samt privat og offentleg service. Vedteken plan ligg også på Tenestetorget og biblioteket.

Planvedtaket kan påklagast i samsvar med §§ 12-12 og 1-9 i plan- og bygningslova, jf. kap VI i forvaltningslova.

Eventuell klage må vere sett fram skriftleg innan 3 veker. Klaga må vere grunngjeven, og det må gå klart fram kva endringar ein ynskjer. Kommunen kan gje nærmare rettleiing om framgangsmåte ved klage på planvedtak. Vidare har partar rett til å sjå dokumenta i saka, jf. §§ 18 og 19 i forvaltningslova. Krav om erstatning eller innløysing må vere sett fram skriftleg innan 3 år etter kunngjeringsdato, jf. §15-3 i plan- og bygningslova.

Vedlegg 
Sakskart
Plankart 
Planomtale med føresegner
Risiko- og sårbarheitsanalyse 
Geologi-rapport

Tips ein ven Skriv ut