A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Rullatorar og rullestolar i full fart på ÅBO

  • 1
  • 2
  • 3
  • 4

Vi måtte berre gjenta suksessen frå i fjord seier Ergoterapeut Heidi Skeie.



ÅTT sperra halve vegbana langs ÅBO, og Skeie, med sitt korps av fysio/ergo terapeutar sto for gjennomføringa, frå felles oppvarming til beintøffe finaleheat i klasse rullestol og rullator.



- Detta e also so kjekt, sa Lina Hæreid, 93. - Å få komma ut her å ha det moro i lag med dei hine. – Eg er så ivrig at eg har gløymt å ta på meg sokkane, sa spreke Lina.



Det vart fort ramme alvor når konkurransen sette i gang, og ein var vitne til mang ein heftig nærkamp før finaleheatet i rullator som var eit oppgjer mellom Erling og Gerda Lægreid.



Ein dårleg fot, og ein skada rygg la ingen dempar på innsatsen, og dei var heilt likt over målstreken. Dei to fekk dermed heidersprisen, ei T-skjorte frå Skrivargarden, med teksten ”Kappa ra”.



Etter at rullatorar og rullestolar var parkerte var det kappgang på stylter for personalet, moro det og, når det er lenge sidan sist.



Den glade gjengen avslutta med grillfest og der mannskap frå frivillgsentralen stod for maten. Erling Sæbøe sytte for song og musikk både før og etter maten.

 

Tips ein ven Skriv ut