A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Øvre Årdal Helselag gir gåve nok ein gong til timesenter for demente heimebuande

Øvre Årdal Helselag sitt årsmøte 16. mars gjorde vedtak om å gje Timesenter for demente heimebuande ei pengegåve på kr 10. 000,-.

Heimesjukepleia er svært takksame for at helselaget, nok ein gong, bidreg med økonomisk støtte til tiltaket for heimebuande med demens sjukdom.
Helselaget har sidan oppstarten av Timesenteret  vore ein viktig støttespelar for heimesjukepleia.

Pengane går direkte til brukarane i form av sanseturar og opplevingar i nærmiljøet. Det gir og mulighet til å kjøpe inn eldre gjenstandar som pyntar opp i lokalet, og vekker gamle minner.

Tips ein ven Skriv ut