A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Offentleg ettersyn - Områdereguleringsplan for Torgkvartalet, Øvre Årdal

I medhald av plan- og bygningslova § 12-10 vedtok formannskapet i sak 72/11 den 10.05.2010 at Områdereguleringsplan for Torgkvartalet, Øvre Årdal vart lagt ut til offentleg ettersyn.

Planområdet er lokalisert i Øvre Årdal og femnar om areala mellom Storevegen, Jotunvegen, Farnesvegen, Åsmund Vinjes veg og Jotun stadion. Planområdet er på om lag 16 daa.

Formålet med planarbeidet er å legge til rette for langsiktig utvikling av området med løysingar for trafikk og parkering, samt oppføring av forretnings- og bustadbygg på "Stovatomta".

Dokumenta ligg ute til offentleg ettersyn på heimesida, Tenestetorget og biblioteket i perioden 19. mai - 4. juli 2011.

Merknader til planframlegget kan sendast til Årdal kommune, pb 40, 6881 Årdalstangen eller til
postmottak@ardal.kommune.no, innan 4. juli 2011.


Områdereguleringsplan for Torgkvartalet, Øvre Årdal - Planomtale

Plankart

Risiko- og sårbarhetsanalyse

Geologi-rapport

Tips ein ven Skriv ut